Jilin






Jilin si plassering i Kina


Jilin (kinesisk 吉林; pinyin Jílín) er ein provins nordaust i Folkerepublikken Kina. Jilin grensar til Nord-Korea og Russland i aust, Heilongjiang i nord, Liaoning i sør og Indre Mongolia i vest. Namnet Jilin er truleg avleidd det mandsjuiske Girin ula, som tyder «langs elva». På kinesisk vart det skrive ned som Jilin wula (吉林乌拉), og så forkorta til Jilin. Dei kinesiske skriftteikna som vert nytta for Jilin tyder 'den løfterike skogen'. Provinsen har ei flatevidd på 187 400 km². Folketalet er i 2010 berekna til 27,4 millionar. Changchun er hovudstad i provinsen.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


    • 1.1 Klima




  • 2 Innbyggjarar


  • 3 Økonomi


  • 4 Administrasjonseiningar


  • 5 Historie


  • 6 Bakgrunnsstoff


  • 7 Kjelder


    • 7.1 Fotnotar







Geografi |





Byen Jilin ved elva Songhua.


Jilin ligg i det nordaustlege Kina. Provinsen har ei kort grense til Russland i aust og langt lengre grenselinje til Nord-Korea i søraust. Dei høgstliggande delane av Jilin er i søraust, landskapet senkar seg jamt mot nordvest. Changbaifjella strekker seg gjennom dei søraustlege områda, der den høgste fjelltoppen i provinsen, Baiyun, reiser seg i 2 691 meters høgde. Andre fjellkjeder er Jilinhada, Zhang Guangcai og Longgang. Berggrunnen er rik på mineralførekomstar, med 136 ulike typar av mineral, 70 av desse vert det drifta på.


Sørvest i Jilin, langs grensa mot Nord-Korea, har elvane Yalu og Tumen sine nedslagsfelt. Andre store elvar er Liao, Songhua og Nen, dei to sistnemnde renn til sist ut i Amur.


I provinsen skal finnast over 27 000 ulike, ville plantar som vert brukt av tradisjonell kinesisk medisin.[1]



Klima |


Jilin har eit nordleg, kontinentalt monsunklima, med lange, kalde vintrar og korte, varme somrar. Gjennomsnittleg januartemperatur varierer frå -20 til -14°C. Årleg nedbørsmengd varierer frå 350 i dei tørraste områda, til 1 000 mm i dei våtaste.



Innbyggjarar |


Eit stort fleirtal av folket i Jilin er han-kinesarar, om lag 91 %. Elles fordeler folkegruppene seg på 4% kvar av koreanarar og mandsjuar, 0,6 % mongolar og 0,5 % hui.



Økonomi |




Bank of Jilin i Changchun.


Distrikta rundt hovudstaden Changchun med byane Jilin, Siping og Liaoyuan er det økonomiske kjerneområdet i provinsen Jilin.


Jilin er eit av dei viktigaste kornkammera i Kina. Jordbruket er basert på dyrking av ris, mais og sorghum, provinsen er Kinas største produsent av mais. Ris vert for det meste dyrka i dei austlege delane, som prefekturet Yanbian. Sukkerbetar, soyabønner, durra og søtpoteter er viktige eksportprodukt. I den sentrale delen av Jilin vert det avla store mengder oljevekstar og svinekjøt. Kyllingoppdrett driv ein i stor skala, med eksport til mange land. På grasslettene i vest beitar store buskapar med storfe, hest og sau. Sauavl er her ei viktig næring, som til dømes i Baicheng. I elvane vert det drive oppdrett av fisk. Mesteparten av kinesisk ginseng kjem frå Jilin.


Changbaifjella er ei viktig kjelde til trelast, provinsen er sjette størst kva gjeld tømmerproduksjon i Kina. Området er elles kjent for sine hjortegevir, som vert bruk i tradisjonell medisin, og for sin produksjon av mårpelsar. Fleire vintersportsstader er bygd opp i Changbaifjella.


Jilin har større førekomstar av kiselgur, wollastonitt og molybden. Reservane av gull og nikkel er begge mellom dei tre største i Kina. Kol vert utvunne fleire stader, mellom anna ved Liaoyuan.


Frå 1950-åra bygde sentralstyremaktene opp mykje tungindustri i Jilin, med stor produksjon av bilar og togvogner i Changchun og kjemisk industri i byen Jilin. Industrien i provinsen har sidan kring 1990 utvikla seg i mindre monn enn lenger sør i Kina. Provinsen har slik fått redusert sitt relative økonomiske verde.


Etter 1949 vart jarnbanenettet i provinsen mykje utbygt, i dei seinare tiåra har ein halde på med ei omfattande vegbygging.



Administrasjonseiningar |


Jilin er delt opp i ni einingar på prefekturnivå: Ein subprovinsiell by, sju byprefektur og eitt autonomt prefektur.





















































































Kart

Jilin prfc map.png
#
Namn

Hanzi

Pinyin
Administrasjonssete
Type
1

Changchun
长春市
Chángchūn Shì

Chaoyang

Subprovinsiell by
2

Baicheng
白城市
Báichéng Shì

Taobei

Byprefektur
3

Baishan
白山市
Báishān Shì

Badaojiang

Byprefektur
4

Jilin
吉林市
Jílín Shì

Chuanying

Byprefektur
5

Liaoyuan
辽源市
Liáoyuán Shì

Longshan

Byprefektur
6

Siping
四平市
Sìpíng Shì

Tiexi

Byprefektur
7

Songyuan
松原市
Sōngyuán Shì

Ningjiang

Byprefektur
8

Tonghua
通化市
Tōnghuà Shì

Dongchang

Byprefektur
9

Yanbian
(For koreanarane)
延边朝鲜族自治州
Yánbiān Cháoxiǎnzú
Zìzhìzhōu

Yanji

Autonomt prefektur

Dei ni einingane er delt opp i til saman 60 einingar på fylkesnivå (20 distrikt, 20 byfylke, 17 fylke og 3 autonome fylke). Desse einingane er i sin tur delt opp i 1532 einingar på kommunenivå (456 bykommunar, 287 kommunar, 28 etniske kommuaer og 240 subdistrikt).



Historie |


I antikken budde ulike folkeslag i Jilin, særleg xianbei, koreanarar, mohe og wùjí. Ulike koreanske kongedømme, inkludert Buyeo, Goguryeo og Balhae, vart danna i dette området. Området kom etter tur under dominans frå Khitan Liao-dynastiet, Jursjen Jin-dynastiet, og det mongolske Yuan-dynastiet. Under Qingdynastiet var mykje av området under kontroll av ein krigsherre som rådde over eit mykje vidare område, både nordover i dagens Russland og i Japanhavet. Innvandring av hankinesarar vart strengt kontrollert.


Etter Primorskij Kraj vart avstått til Russland i 1860, begynte Qingregjeringa å opne området for innvandring av han-kinesarar, der dei fleste kom frå Shandong. Kring 1900 hadde hankinesarar vorte den dominerande etniske gruppa i regionen. I 1932 vart området innlemma i Manchukuo, ein marionettstat oppretta av Japan. Etter Japan leid nederlag 1945 overleverte Sovjetunionen regionen, saman med resten av det nordaustlege Kina, til dei kinesiske kommunistane. Mandsjuria vart då oppmarsjområde for kommuniststyrkane som til sist erobra resten av Kina.


I 1950 Jilin vart utvida til dagens grenser. Under kulturrevolusjonen vart ein del av Indre Mongolia lagt under provinsen, som då hadde grense til staten Mongolia. Seinare vart dette reversert. I nyare tid har Jilin, saman med resten av det tungindustribaserte nordaustlege Kina, hatt økonomiske vanskar då privatiseringa av industrien har skapt lita lønnsemd.



Bakgrunnsstoff |



  • Nettstaden til provinsstyresmaktene i Jilin (kinesisk)


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Jilin» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juni 2011.


  • http://www.snl.no/Jilin


Fotnotar





  1. Kina Expat city Guide Jilin, Kina Expat, 2008, henta 2009-02-08 





























Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva