Jeriko guvernement
| Jeriko guvernement | |
| guvernement | |
| Land | |
|---|---|
| Region | Vestbreidda |
| Distriktshovudstad | Jeriko |
| Koordinatar | |
| Folketal | 31 501 |
Wikimedia Commons: Jericho Governorate | |
Jeriko guvernement (arabisk محافظة أريحا, Muḥāfaẓat Arīḥā; hebraisk נפת יריחו, Nafat Yeriḥo) er eit av 16 guvernement i Den palestinske sjølvstyresmakta (administrative distrikt) i Dei palestinske territoria. Det ligg aust på Vestbreidda, langs nordsida av Daudehavet og den sørlege Jordandalen ved grensa til Jordan. Guvernementet strekkjer seg vestover til fjella aust for Ramallah og austsida av Jerusalem, inkludert dei nordlege områda av Judeaørkenen. Folkesetnaden i Jeriko guvernement er estimert til å vere 31 501, av dette kring 6 000 palestinske flyktningar i leirar.[1]
Jordbruk er viktig for økonomien i området, særleg i dalen nær Jeriko, som er distriktshovudstad. Jeriko er ofte rekna som den eldste, kontinuerleg busette byen i verda og har mange arkeologiske stader og turistmål.
Elishiaparken er ein oase i Jeriko distrikt med mange frukthagar, palmer og bananplantasjar.[2]
Innhaldsliste
1 Stader
1.1 Byar
1.2 Kommunar
1.3 Landsbyar
1.4 Flyktningleirar
2 Kjelder
Stader |
Byar |
- Jeriko
Kommunar |
- al-Auja
- al-Jiftlik
Landsbyar |
- Fasayil
- an-Nuway'imah
- Ein ad-Duyuk at-Tahta
- Ein ad-Duyuk al-Foqa
- az-Zubaidat
Flyktningleirar |
- Akabat Jaber
- Ein as-Sultan
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Jericho Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2015.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ «The Administrative Divisions of guvernement (Jeriko)». Palestinian National Information Centre – Den palestinske sjølvstyresmakta.
↑ «Laureates 1999». World Heritage Centre.
Jeriko guvernement | ||
|---|---|---|
| Byar | Jeriko (an-Nabi Musa • Ein ad-Duyuk at-Tahta) | |
| Kommunar | Al-Auja · Ein ad-Duyuk al-Foqa · an-Nuway'imah | |
| Landsbyar | Fasayil · al-Jiftlik · Marj Najah · Marj al-Ghazal · az-Zubaidat | |
| Flyktningleirar | Aqabat Jaber · Ein as-Sultan | |
Guvernement i Palestina | ||
|---|---|---|
| Vestbreidda | Jerusalem (al-Quds) · Betlehem · Hebron · Jenin · Jeriko · Nablus · Qalqilya · Ramallah og al-Bireh · Salfit · Tubas · Tulkarm | |
| Gazastripa | Deir al-Balah · Gaza · Khan Yunis · Nord-Gaza · Rafah | |
|