Lerkefalk
Lerkefalk | ||
Status i verda: Livskraftig
| ||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Falconiformes | |
Familie: | Falconidae | |
Slekt: | Falco | |
Vitskapleg namn | ||
Falco subbuteo Linné, 1758 |
Lerkefalken (Falco subbuteo) er ein rovfugl i falkefamilien som et insekt og andre små fuglar. Ein kan kjenna han igjen på dei lange, slanke vengjene hans, og den svaleliknande flukta. Lik som med andre falkar er hoa størst - ho veg 140-340 gram, mens hannen veg 130-230.
Arten hekkar kvart år, og hoa legg 2-3 egg i midten av juni i eit tidlegare brukt reir laga av andre fuglar, som til dømes kråker. Egga blir ruga på i 28-31 dagar, og ungane blir mata i opp til 34 dagar.
Lerkefalken er oppført på norsk raudliste i kategorien sårbar (VU).
Kjelder |
- Norsk Raudliste 2006, 8MB
Lerkefalk | |
Namn på andre språk | |
---|---|
Svensk | Lärkfalk |
Dansk | Lærkefalk |
Engelsk | Hobby, Eurasian Hobby, European Hobby |
Tysk | Baumfalke |
Fransk | Faucon hobereau |
Spansk | Alcotán europeo |
Russisk | Tsjeglok (Чеглок) |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.