Måltrast























Måltrast

Turdus philomelos0.jpg



Vitskapleg namn

Turdus philomelos

Brehm, 1831




Utbreiing



Habitat: Tett skog og hagar





Utbreiingskart
Utbreiingsområde for måltrast. Gult - hekkeområde, grønt - heile året, blått - overvintringsområde



Systematikk

Rike: Animalia

Rekkje: Ryggstrengsdyr

Ryggradsdyr

Klasse: Fuglar

Orden: Sporvefuglar

Familie: Trastefamilien

Slekt: Turdus

T. philomelos








Måltrast er ein fugleart i trastefamilien.




Innhaldsliste






  • 1 Utsjånad


  • 2 Læte


  • 3 Utbreiing


  • 4 Førekomst i Noreg


  • 5 Hekking


  • 6 Føde


  • 7 Trekktilhøve


  • 8 Kjelder





Utsjånad |


Nominatforma T. p. philomelos er 20-23,5 cm lang og har eit vengespenn på 33-36 cm. Kjønna er like. På oversida er fuglen lyst brun og på undersida gulkvit eller brungul, bleikare på buken, med mørke flekkar. Undersida av vengane er grå og vengedekkfjørene på undersida varmt rustgule. Nebben er gulaktig og beina og føtene er rosa. Ungfuglane liknar dei vaksne, men har gulbrune eller oransje render på stjert- og vengedekkfjørene.



Læte |


Måltrasten her eit kort, skarpt «tsip»-læte, på trekk høyrest eit høgt tynt «siip», som liknar på raudvengtrasten, men er kortare. Varsellæta er eit eksplosivt smatrande «tix-itix-itix...». Songen kan likne svarttrasten sin, men er sett saman av korte motiv som vert oppattekne fleire gongar. Songen, som vert framført frå tre eller andre høge plassar, er ein høg klar framføring av musikalske frasar som vert tekne opp att to til fire gongar.



Utbreiing |


Måltrasten hekkar gjennom det meste av Europa, men manglar på Island og i områda nærast Middelhavet, og er vidare utbreidd i eit belte gjennom Russland og Sibir aust til Bajkal. Fuglen hekkar dessutan i det nordlege Tyrkia, i Kaukasus og det nordlege Iran. Arten er også innført og etablert i Australia og New Zealand. Innanfor dette området er arten delt i to til fire underartar.



Førekomst i Noreg |


Fuglen hekkar over det meste av landet nord til Finnmark. Han går opp i bjørkebeltet, og er funnen hekkande i over 1000 m høgde. På Vestlandet er det lite måltrast ytst på kysten. I Nord-Noreg er fuglen relativt vanleg nord til midtre Troms. Lengre nord meir sparsamt forekomande, og i ytre Finnmark hekkar måltrasten ikkje.


Måltrasten er vanleg i barskogane, og trivst godt også i blandingsskog. Han hekkar også i rein lauvskog, og på Vestlandet kan han vere nesten like vanleg her som i barskog. Fuglane likar best skog med velutvikla undervegetasjon i form av busker eller små tre. Unggran er sterkt ettertrakta som reirtre. På Vestlandet er arten også funnen hekkande i nesten trelause område med kraftige einerbusker.
Totalt hekkar 500 000 til 1 000 000 par i Noreg. Flest finst i granskog og i blandingsskog med innslag av gran. I desse områda er måltrasten ein av dei dominerande artane. I rein lauvskog og i furuskog er der færre fuglar, og i fjellbjørkeskogen kan det vere langt mellom para. På Vestlandet og i Nord-Noreg har fuglen vore i framgang gjennom det tjuande hundreåret, noko som dels har samanheng med granplanting.



Hekking |




Måltrastegg.


Måltrasten er territoriell, men ein god del av næringa finn han utanfor territoriet. Fuglen sit helst i toppen av ei gran eller eit anna høgt tre og syng, og songen høyrest for det meste tidleg om morgonen og om kvelden, sjeldan midt på dagen. Fuglen syng mest intens tidleg i hekkesesongen og kan vere nesten taus seint i sesongen.


Reira vert plasserte i graner med tett greinverk, men reiret kan også ligge i ei furu eller av og til i eit lauvtre. På Vestlandet ligg reiret ofte i ei einerbusk.


Egga vert oftast lagde i mai, rugetida er om lag 12 dagar og etter enda om lag to veker er ungane flygedyktige. I blant legg paret to kull, det andre kullet vert lagt i juni eller juli.



Føde |


Fuglane et mykje sniglar, mark og bær, i tillegg til mykje anna.



Trekktilhøve |


Måltrasten flyg sørvestover om hausten, frå september til byrjinga av november. Dei flyg via dei britiske øyane til overvintringsområda i Spania og Portugal, nokre flyg til det nordvestlege Afrika. Nokre få individ kan overvintre langs kysten av Sør-Noreg.
Fuglane kjem attende til Noreg frå slutten av mars og framover til mai. Til Sør-Varanger kjem dei midt i mai.



Kjelder |





  • Norsk fugleatlas, 1994.

  • «Taltrast» frå Wikipedia på svensk








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva